Det tredje største landet
Posted by Toyni Tobekk in Internett, kommunikasjon, sosiale medium on august 23rd, 2010
Viss Facebook var eit land, så ville det vere det tredje største landet i verda – i folketal. Vi reknar med at ein halv milliard menneske har ein Facebook-profil i dag (NRK – FBI). Det betyr i praksis at dei fleste i verda ikkje er på Facebook, og det er langt att før vi kan seie at «alle» er der.
Ikkje alle treng ha ein Facebook-konto, sjølv om vi – og mange med oss – vil hevde at det er lurt, nyttig og morosamt å vere der. Men er det frykt for det ukjende og usikkerheit i forhold til korleis ein skal takle det som stoppar deg, så kan du kanskje ha nytte av å lese Vivi Sævik sin blogg Vivi i havgapet. Sævik er 55 år, ho jobbar med kommunikasjon og informasjon. Ho fortel korleis hennar interesse for internett og sosiale medium vart vekt gjennom dagleg omgang med grandiosaspisande ungdom som samla seg rundt datamaskinene i heimen hennar.
Les «Jeg skjønner ikke at jeg gidder» og sjå om ikkje det vil senke skuldrene dine.
Når går skulebussen?
Posted by Toyni Tobekk in Internett, kommunikasjon, sosiale medium on august 18th, 2010

Foto: Astrid E. Hjelmeland
I desse dagar startar skulane opp att etter sommarferien, og mange foreldre leiter huset rundt etter skuleruta som kan fortelje dei kva dag det eigentleg er skuelstart i deira kommune. Er det tysdag eller onsdag? Var det ikkje forandring i bussruta og, mon tru?
Papirarket som poden kom heim med før skuleferien tok til er sjølvsagt vekke. Nettsida til skulen er rutinemessig tømd i juli, slik at den står rein og ubrukt og klar til nytt skuleår og nye påfyll. Kommune sine heimesider, tenker foreldra, der står det nok.
Nei, det gjer det ikkje. I alle fall ikkje på ein synleg plass, og å søke i kommunale nettisder kan mange tider synast som ei umuleg oppgåve. Foreldra driv ikkje og leitar etter skuleruta i opningstida til sørvistorget heller. Dei sit ved pc-en ein sein kveld når ein telefon til skulekontoret ikkje er muleg.
Så kva skal ein stakkar gjere?
Viss du bur på Utsira, så ville du fått følgjande melding på Facebook: «Skolestart på onsdag den 18 på Utsira.» Denne meldinga vart lagt ut to dagar før skulestart, saman med påminning om at fristen for å setje oblat på bilen no er ute.
Utsira har forstått det. Utsira bruker Facebook til det Facebook er til for: Å snakke med folk. Her er kommunen aktivt inne og formidlar praktisk informasjon, melder frå om ting som skjer, svarar på spørsmål og peiker lesarane til saker som måtte vedgå dei.
På Utsira treng ikkje foreldra leite huset rundt etter papirversjonen av skuleruta, dei finn svaret på Facebook.
Utsira er ikkje den einaste kommunen som har forstått verdien av å vere tilstades i sosiale medium. Men, som vi kunne lese i Nationen nyleg, det er dessverre ikkje så mange kommunar som har vågd seg ut i denne nye digitale verda enno. Berre ein av fire kommunar bruker sosiale medium for å kommunisere med innbyggjarane sine, og det er ikkje skilnad mellom stor og liten kommune. Facebook er det mest brukte sosiale mediet i Noreg. 2,5 millionar nordmenn, halvparten av oss, har ein konto der. Berre 17 prosent av kommunane har ein Facebook-konto.
Dei andre kommunane held seg forsatt til annonser i lokalavisa, e-post, heimesider, informasjonsbrev, telefon og sørvistorg. Og det er ikkje lite, berre det. Men det hjelper ikkje å snakke i rådhuset viss tilhøyrarane sit heime. Det hjelper ikkje å ha ei heimeside viss det folk vil vite ikkje står der. Vi lever i ein tidsalder kor folk forventer informasjon, og den skal finnast på nett til alle tider.
Kongsvinger kommune har fått mykje skryt av si aktive satsing på nettmedium og sosiale medium. – På denne måten er vi med når toget går, seier innbyggjarrekrutterar Dag Arnesen.
Kom dykk ombord på toget, ordførarar og rådmenn! Neste år må det vere ei målsetting at alle foreldra får varsel om skulestart både på Facebook og på heimesida dykkar.
God trafikk på nett
Posted by Judith Sørhus Litlehamar in Lokalt on august 10th, 2010
Bygdesidene på nett som Norsk Plan står bak viser seg å ha god trafikk. Imsland.info har blant anna hatt 18 760 besøk så langt i år.
I fylgje nettredaksjonen i Imsland har sida i snitt 723 unike brukarar kvar månad. Ølmedal Rundt vart arrangert 24. mai og statistikken viser ein tydeleg topp på denne tida: 160 besøkande 24. mai og 252 besøkande 25. mai, heiter det på imsland.info.
Det må ein rekne å vere god trafikk i ei bygd med 304 innbyggjarar. Målet med desse bygdesidene er at dei skal fungere som ei moderne oppslagstavle der innbyggjarane kan informere kvarandre og spreie informasjon om kva som skjer.
Andre bygdesider som Norsk Plan har laga: Ropeidhalvøya og Jøsneset.
God sommar!
Posted by Judith Sørhus Litlehamar in Lokalt on juli 9th, 2010
No er det tid for sommar og ferie – også hjå Norsk Plan. Me ynskjer kundene våre, samarbeidspartane våre og ikkje minst lesarane våre her inne god sommar.
God utvikling
Posted by Judith Sørhus Litlehamar in Lokalt on juni 29th, 2010
Norsk næringsliv har i 2009 vist dreining frå god til dårleg rating, men Norsk Plan gjekk motsett veg og fekk igjen høgaste oppnåelege score – trippel A.
- 8,4 prosent av norske aksjeselskap fekk beste rating i 2009, og dette er eit resultat me er stolte av, seier dagleg leiar Bente Kjos-Wenjum.
Bedrifta har plassert seg på eit stabilt og høgt nivå og nådde trippel A i 2005, 2006 og 2007. I 2008 var resultatet noko lågare, og bedrifta gjekk då ned ein klasse, til ratingen AA.
Kredittkontrollen legg til grunn at Norsk Plan har sterk økonomi, upåklageleg betalingshistorikk, at den juridiske delen med eigar og styre er bra ivareteken og at bedrifta er veletablert.
Kvinneleg fyrtårn
Posted by Judith Sørhus Litlehamar in Lokalt on juni 23rd, 2010
Dagleg leiar i Norsk Plan, Bente Kjos – Wenjum, er ein av få kvinnelege leiarar i landet som får delta i Innovasjon Norge sitt fyrtårnprosjekt.
Målet med prosjektet er å vidareutvikla bedrifter som er eigd og/ eller leia av kvinner, styrke og synleggjere kvinner i leiarposisjon, byggje nettverk, samt motivere andre kvinner til å starte og utvikle eigen verksemd.
- Signala både frå tilsette og styret i Norsk Plan er at me ynskjer vekst og spissing mot å bli ei rein kommunikasjonsbedrift. Me skal vidareføra og utvikla det flotte arbeidsmiljøet me har og skapa gode arbeidsplassar i Ryfylke innan kommunikasjon, seier Kjos – Wenjum, og legg vekt på at Fyrtårnprosjektet vil bli ei viktig brikke i den vidare utviklinga av bedrifta.
- Målet til Fyrtårnprosjektet og målsetjinga i NP om vidareutvikling og om vekst i omsetjing og tal arbeidsplassar er samanfallande, og eg tenkjer at dette må vera midt i blinken for meg, slår ho fast.
Det er totalt berre 21 kvinner som får delta i prosjektet, og første samling er i Nyvågar i Lofoten i september.
Les meir om prosjektet her.
Vikingblod i Norsk Plan?
Posted by Bente Kjos-Wenjum in Lokalt on juni 15th, 2010

Foto er ikkje henta frå DNA-programmet, men viser Lars som morar seg på firmatur.
Britiske forskarar testar no utvalde norske menn for vikingblod. Lars B. Skipevåg, webutviklar i Norsk Plan, er ein av dei forskarane vil sjå nærare på.
Målet med forskinga er å finna ut kor vikingane som slo seg ned i Nord-England kom frå.
– Planen er å teste menn i ni regionar i Norge, mellom anna Ryfylke. Me treng minst 20 frivillige frå kvar region. Dei må kunne spora farslinja seks til sju generasjonar tilbake i det same området, seier professor Stephen Harding ved universitetet i Nottingham.
- Grunna morfar si slektsgransking, kan eg vise tilbake til iallefall 1648, seier Lars og legg til at det vert spennande å sjå kva dei finn ut om denne utvandringa.
– Med prosjektet vil britane finne ut kor i Norge ein finn etterkommarar etter vikingane. Det er ikkje så sjølvsagt som mange trur at dei fleste av oss er i slekt med vikingane, sier Harald Løvvik, som er prosjektkoordinator i Norge.
Lars skal no sende DNA-prøvar til universitetet i Leicester, der dei har eit av dei fremste miljøa innan DNA-forsking i Europa.
Siste helsing frå Anja
Posted by Anja Askvik in Organisasjon on juni 14th, 2010
Anja har vore hjå oss gjennom prosjektet Læring i Næring. No er arbeidsåret hennar slutt, og her er fortel ho litt om korleis ho har hatt det:
Eg har jobba på Norsk Plan i eit skuleår.
Eg har jobba ein time etter skulen kvar mandag.
Nokre eksempler på det eg har jobba med dette året eg har vore på nokrsk plan er
at eg har sett adresse lappar på Pirion blader, har skreve nokre blogg postarog skreve dikt.
Eg har lært korleis det er og jobba på Nokrsk Plan og kva dei held på med her.
Heidra nynorsk-magasin
Posted by Judith Sørhus Litlehamar in kommunikasjon, nynorsk on juni 11th, 2010
Nynorsk-magasinet Syn og Segn vart nyleg kåra til Årets tidsskrift av Norsk tidsskriftforening. I grunngjevinga frå juryen blir det lagt vekt på at Syn og Segn har uforutsigbare og overraskande vinklingar og temaval. Juryen meiner det 116 år gamle tidsskriftet er allmennkulturelt i ordets rette forstand, og det einaste i sitt slag som kjem ut på nynorsk.
Vidare heiter det i grunngjevinga at tidsskriftet vågar å gå sine eigne vegar, og at det blir redigert med humor og snert. Det blir også lagt vekt på at det er stor bredde i stoffutvalet, frå utanriks og økonomi via norsk politikk og samfunn til kultur og litteratur. Noko redaktør Bente Riise må ta mykje av æra for.
Eit magasin skal gi deg som lesar noko uventa og nye vinklingar. Tekstane i eit magasin skal ikkje berre gi deg nyhende eller dokumentert fakta. Her skal og bør det vere rom for den humoristiske pennen, den gode bakgrunnsartikkelen, den skarpe kommentaren og den kvalifiserte synsinga. Her er det til og med plass til litterære og kunstneriske trekk.
Og det er nettopp det som gjer magasina så lesarvennlege og framtidsretta. Dei byr på noko ekte, truverdig og djupt. Dei gir deg som lesar noko å gruble på – og noko å strekkje seg etter. Det klarer Bente Riise og Syn og Segn.
Og så er det sjølvsagt gledeleg at det er eit magasin redigert på nynorsk som stikk av med den gjevaste prisen.
Facebook er konge på haugen
Posted by Toyni Tobekk in Internett, kommunikasjon on juni 11th, 2010

Vi føretrekk Facebook.
Tal frå den globale statistikktenesta Statcounter syner det dei fleste av oss allereie veit: Facebook er det desidert mest brukte sosiale mediet i Noreg. 58,6 prosent av dei som bruker sosiale medium bruker Facebook. Ikkje så overraskande når vi veit at meir enn halvparten av oss har ein konto på Facebook, og at 41 prosent av oss er på Facebook dagleg.
Andreplassen overraskar kanskje noko meir. Der finn vi StumbleUpon, ei teneste som du bruker til å rangere nettsider. Dette er ein tilleggsfunksjon du legg inn i nettlesaren din som lar deg markere om du likar ei nettside, og kor høgt eller lågt du verdsett sida. StumbleUpon blir brukt av 20 prosent av dei som nyttar sosiale medium her til lands.
Twitter og YouTube blir berre brukt av drøye 6 prosent kvar. For YouTube sin del, så er det skilnad på kva du bruker nettstaden til. Viss du går inn og bruker YouTube til å sjå video og høyre musikk, utan å registerre deg, så tel det ikkje i denne samanhengen. Det som blir ein del av statistikken, er derimot kor mange som har ein brukarkonto på YouTube.
Heilt i botnen på brukarstatistikkane finn vi Reddit, Digg og MySpace, saman med den noko uvisse gruppa «andre».
Denne statistikken er frå dei 12 siste månadene.

